Om Seniorhelsa

Hvem er vi

Bak prosjektet SeniorHelsa står 6 entusiastiske personar som er svært engasjerte i å bidra til at seniorar vert fysisk aktive – og spesielt dei seniorar som er inaktive.

SeniorHelsa er eit nytt og banebrytande prosjekt for å stimulera fleire eldre til å bli fysisk og sosialt aktive.

Målgruppe for prosjektet er seniorar/pensjonistar.

Vårt mål

Å stimulera seniorar, spesielt dei inaktive, til å driva fysisk aktivitet for å bedra si fysiske og mentale helse - og medvirka til at samfunnet sparar store utgifter.

Bakgrunnen for prosjektet:

Norge har eit formidabelt folkehelseproblem på grunn av at ein stor del av det norske folket er inaktive. Forskning viser at det er stor helsegevinst må vera fysisk aktiv både for den meinskilde (særskilt eldre) og helsevesenet.

Eksempel: I Norge i dag er det ca. 100.000 demente. Forskning viser at om 25 – 30 år vil det vere rundt 200.000 som har denne sjukdomen.

Den beste måten til å forebyggja demens/alzheimers er å vera fysisk aktiv.

Prosjektet har fått 20 samarbeids-partnarar, frivillige og offentlege.

Prosjektet SeniorHelsa er ein kombinasjon av kunnskaps-/ kompetanseheving og fysiske aktivitetar.

Heile prosjektet er tufta på frivillig arbeid med få unntak i gjennomføringa. Arrangementet har eige styre, rekneskapsførar og revisor.

Gjennomføringa av prosjektet:

Opplegget er delt inn i 4 ulike fasar.

Fase 1

I tidsrommet fom 28. februar 2024 tom 31. oktober 2024:

Planlegging og drøftingar for prosjetet SeniorHelsa. Samarbeidspartnarane deltok i desse drøftingane.

Møtet den 31. oktober inngår i opplegget for samarbeidspartnarane og lag og organisasjonar i Nordhordland som har tilbod om fysiske aktivitetar og sosiale møteplassar.

Fase 3

Onsdag 25. juni 2025 blir den store dagen for prosjektet SeniorHelsa.

Då blir alle seniorar i Nordhordland, Gulen og Årdal inviterte til å delta på arrangementet i Knarvik.

Det blir bl.a. inspirasjonsforedrag v/Dag Otto Lauritzen, og faglege foredrag bl.a.

«Korleis forebyggja demens og alzheimers» v/hjerneforskar og lege Ole Petter Hjelle.

Enkle fysiske aktivitetar på Knarvik Stadion

Konsert i Knarvik kyrkje v/Human Beings (det store dansebandet på 1960 –1970-talet).

Utdeling av aktivitetstilboda som lag /org. kan tilby f.o.m hausten 2025.

- Med navn og telefonnummer på kontaktpersonane.

Fase 2

I tidsrommet 1.12.2024 til 24. juni 2025 vert det inspirasjons-/temakveldar for samarbeidspartnarane og innbyggjarane i Nordhordland.

Drøftingsmøte med samarbeidspartnarane og lag og organisasjonar som har tilbod for seniorar, event. kan starta opp nye aktivitetar for denne gruppa.

Fase 4

Hausten 2025 blir den viktigaste for Prosjektet SeniorHelsa.

Då håpar vi at seniorane er i gang med fysiske aktivitetar på mange stader i Nordhordland, Gulen og Årdal under mottoet:

«Eg vil ha best mogleg alderdom».

Juridisk arrangør: Breks Forlag Aktiv, org.nr. 925 169 323

 

I styret for prosjektet SeniorHelsa:

  • Irene Femanger

  • Audun Stusdal

  • Ragna Midtbø

  • Steinar Mørch

  • Jon Halstein Tjore

  • Helge Brekke (Styreleiar)

Kontakt oss i dag for en uforpliktende prat

Ring oss direkte eller send en e-post – vi er klare til å hjelpe deg!

Styreleder:
+47 971 45 628