Altfor mange kviler seg til døde
Helge Brekke har alltid vore oppteken av god helse. Mannen som sprang halvmaraton på 1.22 som 68-åring er kanskje ikkje rett referanse for dei fleste av oss, men ein god inspirator kan han vera. Sjølv let han seg inspirera av den gamle Gular-olympiaren Arne Hamarsland. 91 år gammal måtte han gjennom ein operasjon. Den kunne han underkasta seg berre fordi han aldri hadde slutta å trena og framleis var i god form.
- Fysisk aktivitet har langt meir å bety for folkehelsa enn piller. Altfor mange kviler seg til døde, seier Brekke. Det kan ikkje seiast om den tidlegare rektoren og Knarvikmila-generalen. Han held det framleis gåande.
- Alderen går opp, men farten går ned. Det er til tider litt vanskeleg å fordøya, humrar den nybakte 83-åringen.
- Men framleis likar eg godt å bli andpusten, eg likar at eg har guts og kan springa opp ein bakke, og helst vil eg gjera det så bra som råd når eg konkurrerer, seier han.
Gleda av å røra seg unnar han fleire, og difor har han teke initiativ til Seniorhelsa. Dei er seks personar, fire menn og to kvinner, i styret. Seniorhelsa skal ikkje sjølv tilby aktivitet. Målet er å bidra til at lag og organisasjonar i Nordhordland legg til rette for fysisk aktivitet og sosiale møteplassar for seniorar.
20 samarbeidspartnarar, både frivillege og offentlege er med i prosjektet, som går over tre fasar. Fase 1 er allereie tilbakelagt, med planlegging og drøftingar. I fase 2, som går fram til sommaren, er ei rad tilstellingar planlagt. Det vert inspirasjons- og temakveldar for samarbeidspartnarane og innbyggjarane i Nordhordland.
25. juni er blinka ut som den store dagen. Då blir alle seniorar i Nordhordland, Gulen og Årdal inviterte til arrangement i Knarvik. Dag Otto Lauritzen kjem med inspirasjonsføredrag, hjerneforskar og lege Ole Petter Hjelle skal fortelja korleis ein kan førebyggja demens. På Knarvik stadion blir det enkle fysiske aktivitetar, og om ettermiddagen blir det konsert med 60- og 70-talsheltane i Human Beings.
I fase 4 skal seniorane etter planen vera godt i gang med fysiske aktivitetar mange plassar i Nordhordland, Gulen og Årdal, under mottoet: Eg vil ha best mogleg alderdom.
Dette er ikkje noko einmannsshow frå Helge Brekke si side. Snarare tvert om.
- “Unge Brekke”, eg omtalar meg slik etter at eg runda 80, “unge Brekke” tok initiativet, men eg ville ikkje fått det til åleine. Eg likar å få til ting saman med andre. Det er viktig å anerkjenna at vi har ulik kompetanse og ulike ferdigheiter, og mange er langt betre enn meg på mange felt. Slikt blir eg inspirert av, seier Helge Brekke.