Mykje å vinna på aktivitet blant seniorane

Følgende er et intervju Knut Langeland hadde med Kari Midtbø Kristiansen på temakvelden 31. okt. 2024.


Hugs, seier Kari Midtbø Kristiansen. Hugs at litt er betre enn ingenting, og at ein del er betre enn litt.

Ho står framfor ei lydhøyr forsamling i Knarren på Knarvik gymnas. Ute er ekstremveret Jakob i ferd med å avslutta sine herjingar. Snart skal det myldra att i Brekkeløypa.

Foto: Nordhordland Avis v/Oddbjørn Rosnes.

Det er nettopp det som er Kari Midtbø Kristiansen sitt ærend. Å inspirera til aktivitet. Kristiansen er dagleg leiar ved Nasjonalt senter for aldring og helse. Det er seniorane som er hennar prioriterte målgruppe, og slik er det eit betydeleg innslag av gråstenk i benkeradene på Knarren. Mange av dei let seg attkjenna frå ulike mosjonsarrangement rundt om i Nordhordland. Førelesaren frå Austlandet erkjenner at utfordringa er å nå fram til dei som ikkje er her, dei som har sete seg i godstolen og blitt sitjande.

Det er fåfengt å tru at ein berre må bestemma seg for ting. Det må leggjast til rette for gode val, seier Kristiansen.

Ho er komen til Knarvik på invitasjon frå Seniorhelsa. Ifølgje tilskiparane er Seniorhelsa “eit nytt og banebrytande prosjekt for å stimulera fleire eldre til å bli fysisk og sosialt aktive”. Bak står seks entusiastiske personar “som er svært engasjerte i å bidra til at seniorar vert fysisk aktive - og spesielt dei seniorar som er inaktive”.

Heilt i spissen står, kanskje ikkje overraskande, Helge Brekke, no 83 år gammal, men stadig like brennande for folkehelsa. Han høyrde Kari Midtbø Kristiansen delta i eit program på P1+ sist sommar. Ikkje lenge etterpå, på ein laurdag midt i sommarferien, ringde han til Kristiansen.

Heilt nydeleg, det, seier Kristiansen om det kanskje noko ukurante tidspunktet for førespurnaden. Ho blei fort overtydd om at til Knarvik måtte ho koma.

Behovet for dette krafttaket for aktivitetsfremjande arbeid blant seniorar og pensjonistar, bør vera godt kjend. Det finst knapt ei utgreiing om framtidas utfordringar som ikkje legg til grunn dette faktumet: Vi blir fleire og fleire eldre, færre og færre i arbeidsdyktig alder til å pleia og ta seg av dei gamle. Kvart einaste år ekstra vi kan halda oss friske og sjølvhjelpne, er gull verdt for samfunnet.

Mosjon, trening, aktivitet er det heilt grunnleggjande verktøyet for å oppnå dette, men genetikken til oss, homo sapiens, er ein mektig motstandar, skal det visa seg.

Kari Midtbø Kristiansen klikkar fram ein illustrasjon på skjermen. Den viser Fred Flintsone og kompisen hans, Barney. Representantar for steinalderversjonen av oss. Dei er ute og jagar mat. Hjort, villsvin, fisk, fugl. Noko dei kan fø seg sjølve og familien med. Etterpå må dei kvila, for å samla krefter til ny jakt.

I dag finn vi mat på butikken, vi treng ikkje anstrenga oss, og behovet for å kvila er sterkt redusert. Men vår genetiske hang til å kvila ligg framleis djupt i oss, og for mange er det ein hang det er lett å gi etter for. Med alvorlege følgjer for helsa. Jakta, eta, kvila er gode greier. Eta, kvila er ein sikker veg til uhelse.

Foto: Nordhordland Avis v/Oddbjørn Rosnes.

Det er dette Kari Midtbø Kristiansen har i bakhovudet når ho seier at det må leggjast til rette for gode val.

Målet hennar er identisk med målet til samfunnet. Å krympa tida med dårleg helse. Det er bra for samfunnet, og det er bra for den einskilde. Så er det slik, seier Kristiansen, at det er ein naturleg del av livet å bli eldre. Og det er vanleg at det har nokre konsekvensar. Å gløyma. Å bli ustø. Å bli stiv og kjenna på smerter som ikkje var der før. At nokre blir alvorleg sjuke er også normalt. Ofte har det med flaks og uflaks å gjera.

Samstundes veit vi at mykje av det vi risikerer å pådra oss i alderdommen kan førebyggjast og utsetjast eller eliminerast med enkle grep. Fysisk og sosial aktivitet, målretta trening for å unngå uhell, typisk fall.

Her blir Kristiansen ekstra ivrig. Ho viser til eit prosjekt som heiter “Sterk og stødig”. Det tek spesielt sikte på å redusera risikoen for fall. Kvifor? Jau, fordi skader etter fall som råkar skrøpelege eldre er tett forbunde med liding og død. Fall som medfører til dømes lårhalsbrot, er kan vera byrjinga på slutten. Kostnaden er høg, ikkje berre for samfunnet, men også for den einskilde. Sosialt og økonomisk, men også emosjonelt.

Vi må førebyggja kriser, for kriser er det dyraste vi har.

Nasjonalt senter for aldring og helse tek til orde for at eldre aukar aktivitetsnivået i kvardagen. 150 til 300 minuttar med moderat intensitet kvar veke, eller 75 til 150 minuttar med høg intensitet, er tilrådinga frå Helsedirektoratet. Samstundes, understrekar den daglege leiaren, skal vi ikkje gjera dei eldre til den nye generasjon prestasjon. Du må gjera det du sjølv likar, og så må du utfordra deg sjølv litt.

Du må gjera noko du har glede av i dag og i morgon, ikkje berre om fem-ti-femten år. Sosial aktivitet og kognitiv stimulering er også viktig. Fysisk helse er viktig for psykisk helse og demens, ikkje berre for fysisk funksjon, påpeikar Kristiansen.

Ho går i rette med det som har vore ein, kanskje utilsikta, konsekvens av vår evige jakt på ungdomskjelda: Den grunnleggjande forakten for å bli gammal.

Det er ei gåve å ha det så godt at vi får høve til å bli gamle, seier Kristiansen.

Ho slår eit slag for “det skulle berre mangla-frivillegheita”. Den undervurderte empatiske ryggmargsrefleksen som vi alle kan halda i hevd og ved like. Hjelpa ein gamling over vegen. Henta posten. Kanskje by på middag. Litt av det som skjedde sjølvsagt og pr. definisjon den gongen buformene var annleis, med foreldre og besteforeldre i same hus, eller heile storfamilien i same nabolag.

Men dette krev sosiale buformer, gjerne med integrerte helsetilbod, ikkje gettoar med berre unge eller berre gamle. Vi må syta for at vi ikkje går i takt inn i skrøpelegheit, seier Kristiansen.

Kari Midtbø Kristiansen er eigentleg sjukepleiar. I ti år har ho vore i sin noverande jobb. Rett som det er er ho ute og pratar om ting. Det gjer ho like mykje for å ta pulsen på kva som skjer ute i lokalsamfunna. Tiltaket som no er etablert i Knarvik, heiar ho på av heile sitt hjarte.

Heilt fantastisk. Sånne initiativ må vi ha. Vi treng desse eldsjelene, men vi må også ha eit system som understøttar eldsjelene, elles er eg redd for at dei brenn seg ut.

Mange varsellampar lyser, men Kristiansen vel å vera optimistisk.

Eg opplever støtt folk som vil dra i gang noko, som her i Knarvik. Gode initiativ blir tekne heile tida, engasjementet er sterkt. Det er lovande for framtida, seier Kari Midtbø Kristiansen.

Forrige
Forrige

Altfor mange kviler seg til døde

Neste
Neste

Inspirasjons-/temakveldar