Intervju med to veninner på temakveld om psykisk helse på Knarren
Eit spark bak
- Veldig inspirerande!
Det seier veninnene Torill Seliussen og Norunn Borlaug etter føredraget med Mads Kaggestad i Knarren onsdag. Dei to kjenner kvarandre godt etter å ha arbeidd saman i barnehage.
Torill har hund og kjem seg såleis ut fleire gonger dagleg. Norunn er også nøye med å koma seg ut og vera i aktivitet. Ho er med i Dørstokkmila Alver.
- Å vera ein del av ein slik fellesskap, gjer det lettare å vera aktiv, seier Norunn og er det levande beviset på ein av bodskapane frå føredragshaldaren.
- Eg har ei veninne som passar på. Ho sparkar meg i ræva når det trengst!