Referat frå foredrag av Mads Kaggestad på temakveld om psykisk helse 2. april 2025
Har framleis fattern med meg
Sykling, idrett, idrettspolitikk, folkehelse, arven etter faren. Mads Kaggestad har mykje på hjartet, er støtt på farten, og ofte på skjermen. Onsdag var han i Knarvik og heldt foredrag for Seniorhelsa.
Her fekk tilhøyrarane høyra om “ alle de vidunderlige gevinstene som kommer med fysisk aktivitet”. Mellom mykje anna.
Waitz og Kristiansen
Mads Kaggestad er sonen til den kjende trenarprofilen Johan Kaggestad. Økonomen som trente mellom andre Grete Waitz og Ingrid Kristiansen til internasjonale bragder, og som dessutan var ein av dei som tidlegast og tydelegast såg samanhengen mellom fysisk aktivitet og psykisk helse. Kaggestad vart sjuk for nokre år sidan og gjekk bort på grunn av nyresvikt i november i fjor. På Idrettsgallaen i vinter vart han tildelt juryens hederspris, post mortem. Mads heldt takketalen.
- Men eg føler at eg framleis har fattern med meg. Han er ein stor inspirasjon, fortel Mads.
Det er ikkje “far” eller “pappa” eller “gamlingen” som er omgrepet han brukar. Det er “fattern”, uttrykt på ein måte som gir deg kjensla av at dei var kompisar, dei to.
Det er ein rett observasjon. Mads fortel at dei var svært tette.
- Vi hadde våre kranglar, vi, som alle andre, men det var utviklande kranglar, og vi vart alltid fort forsonte.
Attpåklatt
Kaggestad hugsar at han tenkte den gongen faren vart sjuk, og han måtte sjå i augene at “fattern” kom til å døy, at “kven skal eg venda meg til då”? Kva når far er borte? Litt på same viset har han det framleis når han er i beit for råd og vink og kvalifisert vegleiing.
- Då tenkjer eg: Kva ville “fattern” sagt no?
Eigentleg var Mads Kaggestad ein mammadalt. Han er den yngste i ein søskenflokk på tre, ein typisk attpåklatt. Med åra, som blant anna inkluderte eit fem år langt opphald som proffsyklist i utlandet, vart relasjonen til trenarpappaen tettare. Johan hadde kompetanse innanfor trening, og han trengte ikkje prestisjetunge oppdrag for å lata seg inspirera. Under føredraget kunne Mads fortelja at faren på eit tidspunkt takka nei til å bli trenar for langrennslandslaget. For kva kunne han oppnå med dei, som dei ikkje hadde oppnådd frå før?
- “Fattern” elska å arbeida med dei som hadde eit potensial, dei som framleis hadde noko uforløyst ved seg. Eit av dei kjekkaste trenaroppdraga han hadde, var å vera trenar for kjelkehockeylandslaget, fortel Mads.
Godord frå “fattern”
I Knarvik hadde han aldri tidlegare vore, men mykje fint hadde han høyrt om plassen, også det gjennom “fattern”. Fordi Johan hadde ein nær og god relasjon til Helge Brekke, initiativtakaren bak Seniorhelsa og sjølve opphavsmannen til Knarvikmila og alt som der under sorterer.
Mads har store skor å fylla, men han gjer det på sin eigen måte. I føredraget fekk eit sekstitals tilhøyrarar mange gode råd og mange fine tankekors å gripa fatt i. Om dørstokkmila, om god helse i vaksen alder, om stillesitjing og om korleis hjernen virkar.
For endå om verda har gått vidare, heng hjernen etter. Vi har reist til månen og funne opp alle moglege slags teknologiske duppedittar, men vi har framleis på grunnleggjande vis ein steinalderhjerne. Det er den som gjer dørstokkmila så lang og så bratt.
- Fordi vi er programmerte til å kvila, til ikkje å sløsa med krefter. Når steinaldermennesket kom attende til hola etter endt jakt, måtte han eller ho kvila for å vera klar til morgondagens matauk.
Kunne spart 239 milliardar
Denne steinalderhjernen er det det moderne mennesket må nedkjampa for å koma stillesitjinga til livs. Stillesitjinga, som Kaggestad beskriv som “vår tids røyking”.
Han viser til helsestyremaktene si tilråding og gjer den til si eiga. Tre timar med aktivitet i veka. Ein halvtime kvar dag. Under 30 prosent av nordmenn følgjer tilrådinga. Med dei konsekvensane det medfører, for kvar einskild og for storsamfunnet.
- Dette er det blitt rekna på. Hadde alle nordmenn følgt desse oppmodingane, ville samfunnet ha spart 239 milliardar kroner, påpeikar Mads Kaggestad.
Og det treng ikkje gjera vondt, det treng ikkje vera målretta, disiplinert trening. Det er godt nok å koma seg ut og gå litt, mosjonera, løysa sveitten. Gjera det ein sjølv kan innanfor sine individuelle grenser.
- Som “fattern” brukte å seia: God helse er å fungere best mulig, til tross for…